Pascha iuvenalis
Pascha iuvenalis – en påskemusikal for barn og ungdom

Pascha iuvenalis – en påskemusikal for barn og ungdom
Tønsberg domkirkes aspirantkor
Tønsberg domkirkes jentekor
Pascha iuvenalis, er en musikal som omhandler påskedramaet fra palmesøndag til
oppstandelsen 1 påskedag.
Musikken spenner fra salmepreg til godspel, rock, rap og Bach.
Her er det musikk i det sceniske faget som er rått og rørende. Jentekoret og aspiranter fremfører Musikalen konsertant i en forkortet versjon, med flotte musikere og komponisten, Odd Johan Overøye i spissen for et flott band.
Solister er hentet fra egne rekker. Dette blir en storsatsning musikalsk for jentene.
Kom å hør fantastisk musikk fra Tønsberg domkirkes sangtalenter
Dir. Charlotte Fongen
Odd Johan Overøye, klaver
Tonny Krokengen, keyboard
Øystein Trollsås, saksofon
Hallstein Larsen, gitar
Anders Stormoen, perkusjon
Tekst: Arve Brunvoll / Musikk: Odd Johan Overøye
for kor, solistar, klaver, keyboard/orgel, gitar, bass, fløyte/saksofon og slagverk
Dette verket er tinga av Ung kirkesang og Korskulen i Bø og vart innøvd og framsynt på korsommarskulen på Drottningborg, Grimstad 6. august 2021.
Verket har vorte til i eit gjensidig inspirerande samarbeid mellom tekstforfattar og komponist.
Frå båe har det vore eit ønske å lage eit verk som ikkje har ein einsarta stil gjennom i alle delane. Det svarar for det første til dei dramatiske vendingane i sjølve påskeforteljinga når du skal sjå dei saman i ei tekstleg og musikalsk hending. Men det har også vore eit eige ønske hjå forfattar og komponist om å la fleire røyster kome til orde. Slik møter vi i musikken ulike stilartar. Og i tekstane skifter nye, originale tekstar m. a. med ein hymne frå den gamle kyrkja og ein islandsk pasjonssalme frå 1600-talet. Også dei originale tekstane vil la ulike røyster kome til orde i vanlege salmar, rap og gospelsong.
Pascha iuvenalis kan framførast som eit musikkverk i fleire versjonar i konsertform. Men det opphavlege ønsket om ei påskemesse for ungdom er teke vare på. Det vi kan sjå som ord-delen i messa er knytt til dagane i påska. Palmesundagen er temaet for Introitus, inngongssongen. Det som omfattar skjærtorsdag, langfredag og påskedag represnterer tekstlesings- og forkynningsdelen i gudstenesta. I skjærtorsdagstekstane kling også syndsvedkjennings- og kyriemotivet med.
Påskedagsmotivet vert ført vidare i salmesongen i nattverddelen. Men det er ikkje teke med ein eigen nattverdliturgi. Om ein vil gjere verket som ei nattverdmesse, kan ein til dømes nytte den nattverdliturgien som ligg føre i gudstenesteboka til Den norske kyrkja.